Trykkfeil på faktura

Submit to FacebookSubmit to Google PlusSubmit to TwitterSubmit to LinkedIn

Kontingentfaktura for sesongen 2017/18 er no i ferd med å bli sendt ut til alle medlemar. Diverre har det snike seg inn ein trykkfeil på fakturaen.

I overskrifta på fakturaen står det at faktura gjeld sesongen 2016/17, men det korrekte er sjølvsagt at det gjeld for sesongen 2017/18. Dette skuldast at årets fakturakøyring er basert på fjorårets, og korrekturen har diverre ikkje vore god nok.

Det er heldigvis også nokre framsteg med årets faktura. Du kan no sette opp avtalegiro i din bank, og dermed betale framtidig kontingent automatisk. Vi sender ut fakturaen både som brev og epost, men du skal sjølvsagt kun betale ein gong. Hugs å fylle inn rett KID-nummer ved betaling, slik at vi får knytta innbetalinga til ditt medlemskap.

Vi takkar alle betalande medlemar for støtten i sesongen som var og håpar de finn det verdt å bli med oss også neste sesong.

COYS!

Siste på forumet

  • Ingen meldinger