Avansement i Capital One-cupen

Submit to FacebookSubmit to Google PlusSubmit to TwitterSubmit to LinkedIn

Tottenham gjekk oppskriftsmessig vidare mot Carlisle.

 

 

Tottenham møtte Carlisle borte i Capital One-cupen, tidlegare kjent som ligacupen , i går kveld. Det vart ein komfortabel siger for våre menn. 

Det tok litt tid før Tottenham kom i siget, men etter 37 minutt steig Jan Vertonghen til vers og stanga inn eit frispark frå høgre. 1-0.

Det andre målet kom ved Andros Townsend. 53 minutt var spelt då han vann ballen på midtbanen, avanserte framover og dundra ballen vakkert inn nede ved stolpen frå 25 meter. 

Gylfi Sigurdsson fekk æra av å sette inn det siste målet frå kloss hald i sluttminutta. Alt i alt vart det ei fin gjennomkøyring for laget, med fleire spelarar som vanlegvis ikkje speler for førstelaget involvert.

I neste runde ventar Norwich City på Carrow Road.


Siste på forumet

  • Ingen meldinger